Velkommen til
Dalsøren
Camping
Velkommen til Luster
Luster er ei lita bygd langs Lusterfjorden, Dalsøren Camping ligg heilt nede i strandkanten med bygge, utleigebåt og fin badeplass. Vi ligg strategisk til for turar i Jotunheimen eller tur til Jostedalsbreen.
Våren 2021 åpna vi eit heilt nytt familerom på campingen med dusj, toalett og vask. Vi bygde også heilt nytt kjøkken og vaskerom til våre gjester.
Vi har ein stor campingplass langs fjorden med med 16 hytter og god plass til Campingvogner, bubilar og telt. Vi har gressplen på heile området vårt med fri plassering. Det er ikkje behov for forhonds reservasjon for telt, bubilar og campingvogn. Du kan berre komme når du ynskjer.
Ca 300 meter frå Campingen finn du eit steinovnsbakeri, dei har åpent alle dagar, her kan du kjøpe ferske brød, rundstykker, kanelsnurrar, rosinbollar og mykje anna godt heile dagen.
Når du er i Luster anbefalar me deg ein tur til Berge eller Børestein, Berge ligg på ca 400 moh og Børestein på ca 1000 meter over havet.
Det er ein flott tur med fantastisk utsikt heile vegen, oppturen startar kun 500 meter frå campingplassen. Turen opp til Berge er familievenleg med stigning og utsikt heile vegen. Du finn meir info om turen til Børestein på nettsidene våre.
Vi har no fått installert 3 stk destinasjonsladere til elbil, så har du elbil så er du velkommen å lade hjå oss.
Nyheiter sommaren 2024:
I år har vi satt opp en speilbadstue heilt nede ved Lusterfjorden. Den har 2 store vindu med speil på utsida slik at du kan sitte varmt å godt å nyte utsikten, Det er ein kube badstu med moderne arkitektur. Etter at me la den ut på Facebook har me fått spørsmål frå heile landet om kvar den er kjøpt. du kan sjå meir info og bestille ditt opphold i “Fjordglimt Sauna” ved å klikke på denne lenka.
I resepsjonen kan vi tilby Pizza, Premium toast og Panini, vi har kjøpt inn ein stor pergola slik at det vil bli endå finare å sitte ute i “Rosehagen” vår med ein softis/kaffe eller ein matbit.
Vi gjer også endringar inne i resepsjonen, vi utvidar lageret får større fryseanlegg og får meir kapasitet på kjøkkenet.
Du får framleis vår SOFTIS med den gode vanilje smaken og ei mengd med ulik strø.
Vi er åpen for alle som vil kose seg i Luster sitt flotte fjordlandskap, på ein avslappa og uhøgtidleg måte. Tek du med badeutstyr så har vi varm badstu og strand like ved.
Vi åpner klokka 14:30 kvar dag, då kan du sitte på terrassen og slappe av mens du ser på folkelivet om sommaren.
Vi ynskjer å skapa eit yrande liv og eit treffpunkt i Luster på ettermiddagane.
Velkommen til oss!
Dalsøren Camping
Her kan du booke hytte hjå oss
Du kan bruke skjemaet under for å bestille hytte hjå oss. Vi har totalt 17 hytter og 5 Glampingtelt på området vårt. Glampingtelta er utstyrt med senger, tepper, møbler, kjøleskap og varme. Dei er plassert heilt nede i strandkanten, kun få meter frå Lusterfjorden.
Kart
Adresse:
Dalsøren Camping, Lustravegen 3291, 6872 Luster
Plassering:
Du finn oss heilt nede i strandkanten til Lusterfjorden, fjorden er kjent for å vera speilblank. Lusterfjorden er den stille armen av Sognefjorden. Vi har telefon 958 67032 ved spørsmål.
Luster: the state or quality of shining by reflecting light; glitter, sparkle, sheen, or gloss